I sommer får du 10% rabatt på hele kolleksjonen til den norske produsenten Tonning & Stryn.
KAMPANJENS VARIGHET: T.O.M. 30. AUGUST 2023.
Tekst fra nettsiden til Tonning & Stryn:
HISTORIA VÅR
starta i 1939, då Stryn Møbelindustri AS vart grunnlagd. Nokre få år seinare, i 1946, starta Tonning Møbelfabrikk AS si verksemd. Slik vart Stryn ei viktig møbelbygd og vi vart sparringspartnarar fram mot ein genuin nordfjordsk møbelidentitet. I 2013 slo vi oss saman. No skal vi bringe arven vår vidare.
Vi likar å seie at historia vår startar med trevirket, heilt frå si spede spire i skogen. Den held fram ved at menneska sit i, tek på , kviler i eller nyt eit måltid ved eit ferdig møbel. Ei historie som i begge endar er tidlaus.
For det er nemleg tre vi arbeider med. Flammebjørk og eik, solide og velkjende råmaterialar med eigenskapar det tek tid og kunnskap å kjenne. Hos oss arbeider det berre handverkarar med djup interesse for trevirke, dei veit korleis det ter seg og på kva måte ein best kan bearbeide det. I samarbeid med Noregs beste møbeldesignarar startar det som best kan beskrivast som ein samtale mellom formgjevar og trevirke. Kvar for seg ønsker dei å fortelle noko. Slik vert det møblar med varig verdi av.